tirsdag 24. februar 2009

Det magiske med bøker på originalspråket


<<'I say!' he shouted. 'Is anyone there?'
AIR, air, air, replied the dark tunnels.
'Hallo?' he tried.
LO, lo, lo.
'I know there's someone here, I just heard you playing dice!'
ICE, ice, ice.>>

Baby.

Terry Pratchett, The Colour of Magic.

Kven er Birgitte?

Eg går på Alta vidaregåande skule, ein skule som heng godt på dei teknologiske framskritta som vert gjort her i landet. Vi har projektor i taket, fjernstyrt lerret, kortterminal i kantina, trådlaust internett og eigne datamaskinar. Med alt dette utstyret oppstår det sjølvsagt problem. Nokon får virus, projektoren ramlar ned, lerretet heng seg opp, etc. Men vi har også eit eiga kriseteam(all ære til dei) på skulen, nett for teknologiske problem.
I teorien er Alta vidaregåande skule ein harmonisk skule, men som i ein kvar god historie så kjem det også her ytre faktorar og stikker kjeppar i hjula for ideologien vår. Skulen vår sitt nettverk heiter UV-nett og har relativt god kapasitet på heile skule området. Men i eit klasserom, det ytste klasserommet nederst i korridoren, så er det eit anna nett; Birgitte.. Birgitte har mykje god signalstyrke, og eg skulle gjerne ha nyttja meg av nettet, men eg har ikkje passord. Det merkelege er at det er berre min data som får inn Birgitte. Alle andre har skulen sitt UV-nett og dei sjår ikkje snurten av Birgitte. Mens eg derimot, uansett kor mange gonger eg prøver å oppdatere nettverkslista, så finn eg berre Birgitte! Datamaskina mi favoriserer Birgitte. Kven er du Birgitte?

mandag 16. februar 2009

Elin sover, Elin sover

Elin skriv på nynorsk. Æ skriv på dialekt. Nu skal æ forpeste bloggen hennes. Med Æ. Æ. Æ.
Ser det urøddig ut? Irritere du dæ? Æ ler!

UTROPSTEGN: !!!

torsdag 12. februar 2009

Alle liker sopp


Soppen er fantastisk! Soppen er ikkje ein kresen organisme, det vil si at soppen veks på plassar du aldri kunne tenkt deg å vekse på om du var ei plante.

Soppen veks på badet ditt, under oppvaskkommen, i fløtepakka, på steinar og mellom beina dine. Om du ikkje likar sopp så verdsettar du ikkje livet ditt, for det er takka vere soppen at du lever. Nokon må gro på kjipe plassar så andre kan gro i myk og god jord.
Soppen er din beste venn.

Gratulerer med dagen Darwin!


Denne bloggen er oppretta i beste Darwinistisk ånd, i dag er det 200 år sia han blei født og 150 år sia han utgav On the Origin of Species by Natural Selection, or the Preservaton of Favoured Races in the Struggle for Life. Også kjent som The Origin of Species, der han forklarte sin nøye gjennomtenkte teori; evolusjonsteorien. Teorien om at mennesket og apane har same forfedre, faktisk deler vi stamfedre med isbjørnen, firfislene, blekkspruten, edderkoppen og soppen. I korte trekk: Alt levende som er å finne på planeten jorda. Gratulerer! Endeleg eit logisk, fornuftig og betryggande alternativ til bibelen si skapelsesberetning.
For 150 år siden fekk vi svaret på det vi har lurt på sia tidenes morgon: Kvifor er vi her? Korleis kom vi oss hit? Kva skal vi gjere med all soppen?

Nedstamma frå apene! Kjære vene, la oss håpe det ikkje er sant. Men om det er det, så la oss folde hendene og be om at det ikkje vert allmenn kjent.
-Kona til biskopen av Worcester