tirsdag 31. mars 2009

Marielsking

Marie Samuelsen, dotter av Ellen Marie Samuelsen, oppvaksen i Berlevåg på øst-kysten av Finnmark, er på ein eller anna måte endt opp i storbyen Alta på vestkysten. Marie er van til mykje vind, derfor svettar ho svært mykje når ho er i relativt vindstille Alta. Marie er typisk Berlevåging; ho er høglytt, frekk, brautande, har ei brei dialekt som ho ufrivillig overdriv når ho ikkje er i heimtraktane. Alt i alt elsker Marie å demonstere. Da lika eg.

mandag 30. mars 2009

Nyheitsankarar frå Ankara


Nei det skal ikkje handle om nyheiter frå Tyrkia i dag. Det var berre eit morosamt ordspel. Eg har, i likskap med dei fleste andre, alltid funne tanken på at nyheitsankarar ikkje har bukse på seg underhaldande. Likevel vil eg dele det med dykk andre. Tenk om du hadde vore nyheitsankar, og ein dag finn du ut at du ikkje ville ha bukse på deg på jobb. Du kjenner ei valdsam glede ved å vere bukselaus på nasjonal TV mens du snakkar om sjølvmordsbombar i Ankara...

søndag 29. mars 2009

Hørt i klasserommet

Læraren ser plutseleg opp, midt i timen, "Kven er det som snusar her?" Elevane ser seg om, i håp om at deira etsa leppar skal skjule klumpen med nikotin dei gjømmer. Ingen svarar... Læraren er oppgitt. "Eg veit at nokon her snusar! Eg kan lukte det. Kom an, kven er det? Ut med det!" Ingen seier noko, alle er redde for å få merking i boka si. Læraren vert snurt, "Ein eller anna må jo ha snus! Vær så snill.. Eg treng snus! NO!!!"

tirsdag 24. mars 2009

"Ho har lekt så mykje at ho har mista dialekta si"


"Ho har lekt så mykje at ho har mista dialekta si" er eit modernistisk, mediakritisk skovespel av Sigbjørn I. Thomassen. Det er ei trist historie om dagens småungar som mistar dialekta si. Eit kjent fenomen blant urbane barn. Dei ser så mykje på TV at dei trur at austlandsdiaklekta er underhaldningsdialekta. Derfor byttar dei frå si opprinnelige, flotte dialekt til oslodialekta når dei lekar, då kan det gå som i denne triste historia; dei lekar så mykje at dei mistar dialekta si.

Skovespelet er minimalistisk i si framtreden, men med mykje audielle verkemedlar. Forfattaren Thomassen er som kjent tidligare musikar og det kjem tydeleg fram fleire kvartkvintforhaldningar i stykket, som framkaller både tårar og latter og eit hat til massemedia. Den tristaste delen kjem når ingen vil leke "min trålar e lasta me", med den lille jenta frå Berlevåg fordi ho berre klarte å seie "min seilskute er lastet med"...

mandag 23. mars 2009

Bruddet med Birgitte

I eit kvart parforhold kjem det ei tid der ein av partane går den andre på nervane. Eg og Birgitte, det ukjente nettverket som datamaskina mi favoriserer over skulenettet, nådde brestepunktet i dag. Eg vart nødt å gå utafor fløya for å bli kvitt ho. Da skjønte eg at hennar forelsking i meg var gått for langt... Om nokon då kunne hjelpe meg så måtte det vere det teknologiske kriseteamet. Det var ikkje særleg vanskeleg, ikkje trengte ein vere administrator eller ha spesiell intelligens for elektriske duppedittar. Alt ho trengte var ein konfrontasjon.
Ho er no fjerna frå nettverkslista mi og eg kan no sitte på klasserommet, der eg høyrer heime, og skrive dette. Uansett kor mykje irritasjon ho har valda meg så er det no eit tomrom i meg. Livet er enklare utan ho, men det er visse ting eg alltid vil sakne. Det var i grunn ganske triveleg at det sto "Koplar til Birgitte" når eg skrudde på maskina. Men nokre gongar må ein gå kvar sin veg. Det var kanskje best for oss begge...

mandag 16. mars 2009

The Müsli Brothers

The Müsli Brothers are an all singing, all dancing breakfast group from Switzerland. They brought us the hit "I'd like more milk on me than that" in 1988. They will have their reunion in Holland, headlining the festival Rootharigendag in 2010. Breakfast will never be the same again...

Gratulerer med dagen Stoltenberg!


Vår alles kjære statsminister fyllar 50 år i dag, 16. mars. Han har oppnådd det meste ein 50-åring kan håpe på. Han har kone(uheldigvis) og barn, statsleiar av verdast mest velståande land og han tar seg godt ut i dress.

I dag er han Noregs flottaste mann, gratulerer Jens!

onsdag 4. mars 2009

Enda ein grunn til å elske øl


http://www.forskning.no/artikler/2008/november/200752

Ein fantastisk artikkel om altruistisk ølgjær som inkluderer evolusjon, sopp og øl! Kan det bli betre?