mandag 27. juli 2009

america

Det er lenge sia sist eg skreiv noko, ein av grunnane til det er at eg fann ei frekk og freidig annonse kor eg vart tilbodt å dra til "america (and stay forever)". Eg har no vore bortreist i ein månad, som tydeleg gjelds som forever om ein er inne på amerikansk visum...
Men kva grunn finns for å dra til "america (and stay forever)" frivilleg? Nett. Ingan. Viss ikkje du likar å kle deg i oransje heldrakt eller er ihugga tilhengjar av Obama.

Eg var i ein kinkig situasjon. Eit lån av ei bok frå skulebiblioteket hadde forfalt og eg visste ikkje kor boka var. Eg fekk brev frå fylkeskommunen som sa at dei ville ha pengar istaden for boka(og likevel ville dei ikkje gå med på å skattelette meg). Eg betalte ikkje. Eg fekk inkasso. Eg foralte at eg var avdaud, men det ville dei ikkje tru på. Eg fekk inkasso på inkassoen, men då pårørande fortalte at eg var i "america (and was going to stay forever)" pusta fylkeskommunen letta ut og bestemte seg for å kjøpe inn fleire eksemplarar av "america (how to stay forever)"..