lørdag 28. november 2009

Ein får ikkje betre gravferd enn ein lagar sjølv

Når eg døyr skal mi gravferd vere ein fest for alle som er tilstede. Sermonien skal bli haldt i eit tilfeldig passande, ureligiøst lokale med straumuttak, noken må nemleg steike vaflar bak i lokalet slik at alle skal forbinde lukta av vaffel med meg (eller mi daud). Det skal ikkje vere mangel på vodka til noko tidspunkt! Det eg legg igjen av pengar skal gå til å dekke alkoholutgiftane, og kanskje den resterende lille summen går til mine næraste.

Orkesteret skal starte forspielet i god tid før sermonien slik at dei kan framføre utvalgte verk hørleg berusa. Det skal berre vere eit orkester, men to dirigentar. Dei kan dirigere nett som dei vil, uavhengig av kvarandre, einaste kriterie er at han eine skal vere blind og han andre døv (ja, dei skal vere menn).

Kisto mi har til no vore åpen slik at folk ein siste gong skal få skue mitt åsyn, og leggje igjen pengar dei skuldar meg. No er me komen til den delen der eg skal bærast ut og bli putta i eit hål i jorda. Men fyst skal eg få radioen min med meg. Den skal ha fullt batteri og stillast inn på mp3 på fullt volum, slik at det i den fyste stunda vil høyrast ut som om det er fest i grava mi. (Noken må sjølvsagt ha laga ei lengre antenne som stikk opp av grava mi slik at eg får eit bra signal ned dit).

No gjenstår det berre å dekke kisto med vaflar og jord før noken byggar eit røykeskur over meg.