mandag 27. april 2009

Viting

Viting, eller Knowing som er originaltittelen på domedagsfilma, er verkeleg ein film som kjem at gå inn i historia... Som ein oppsummering av alle domedagsfilmar laga i det 21. århundret! Denne rompehårate utgreiinga om verdas undergong er altfor fylt med forstyrrande dårleg musikk som du har hørt i alle andre filmar du har sett som er piss. Pluss at det er altfor mange albinoar som går rundt å delar ut steinar, av ein eller anna grunn... Det er sjølvsagt ei obskur jente med ballong, svart hår og ringar rundt augo som ein dopmisbrukar. Frå fyste stund sjønnar ein at ho høyrar stemmar inne i det lille kukhodet hennar.

Denne fittejenta skrivar ned masse tall på eit ark som vert funne etter 50 år av ein viss klisjé enkemann. Desse talla visar seg å vere dato, sted og antal døde i frå alle dei siste store tragediane i menneskets historie. Men kva skjer når tala tek slut?

Det er det berre Nicholas Cage som veit.

Heile filmen er eit stort irritasjonsmoment. Folk eltar ungane sine utallige gongar aleina i bilen, til tross for at tabbekvota er oppbrukt. Det er også altfor mange allusjonar og for mykje symbolar som henvisar til bibelen. Rett og slett eit moraliserande, oppbrukt konsept. Og berre for å gjere det heile om til eit reint torturredskap så ender det heile med at dei kjekke albinoane er aliens som skal redde dei utvalgte barna...