søndag 10. januar 2010

Boka ingen hadde forutsett

Boka "Meiningslause tankar du ikkje treng å tenke fordi eg allereie har tenkt dei, og det held at ein person i verda har gjort det. Seriøst, ikkje ein gong tenk tanken." skreven av Marie Løken I. Dasz har mottat strålande kritikkar og ståande applaus frå moralfilosofanes forening: Foreninga for moralfilosofar. Dei meiner dette er ei bok verda har venta lenge nok på og dei har allereie tenkt på å filmatisere boka, dei har ikkje starta arbeitet, men dei har tenkt på det. Og til syvande og sist er det jo tanken som tellar, som foreningas motto lydar...

I mellomtida står etikkfilosofane frå Etikkfilosofklubben i ein sølepytt, ugleser og smugleser boka. Dei meiner det er eit for stort paradoks at ein skal lese ei bok om ting du ikkje bør tenkje på, nett fordi dei meinar det er umogleg å lese noko utan å tenkje på det. Moralfilosofane skjønnar ikkje kva Etikkfilosofklubben meinar med dette, dei har nemleg sjølv lest tonnevis av bøker og aldri tenkt ein dritt...

Løken I. Dasz, forfattaren sjølv, meiner ho har oppnådd det ho ville med boka; snart bryt krigen ut mellom dei to retningane av filosofi, og me blir forhåpentlegvis kvitt begge partar. Med hennar neste utgiving, "Korleis bruke tid på å lese totalt meiningslause bøker", håpar ho på å drive logikkfilosofane frå vettet.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kjør debatt: