tirsdag 16. februar 2010

Tobakkindustrien kan lause generasjonsdilemmaet


Av Eugene

Med frykta for den komande eldretsunamien vil førsteamanuesis ved Hålogaland Næringsinstitutt, Peder J. Vørd, gjere det enklere for menneske født i dei store årskulla å passivt ta livet av seg ved å gje dei betre tilgong på alkohol og tobakk.

-Demografien viser tydelig at 50- og 60-tallskulla er betydeleg større enn generasjonane som kjem etter, berre overgått av 90-kullet, seier han og henvisar til SSBs fødselstatistikk. -Om vi ikkje legg til rette for at størsteparten av 90-generasjonen vil vere helsearbeiderar, noko som er tvilsamt, ser det ut til at dei komande pensjonistane vil lide under mangel på helsepersonell. Einaste lausninga Vørd ser på denne problemstillinga er å redusere antall eldre. -Eg seier jo ikkje at vi skal forby dei å ha på bilbelte, eg seier berre at det skal vere mogleg for dei å kose seg med fyll og tobakk sine siste leveår samtidig som dei tjener samfunnet. Ein vinn-vinn-vinn-situasjon for dei eldre som nyt rusmidlar, tobakk- og alkoholindustrien og skattebetalerane. Meinar Vørd som sjølv har sett til at hans bestemor fekk nok tilgong på desse rusmidlane til å røyke seg i hjel heime, der ho likte seg best.

Mattis Johan-Levi er leder ved Noregs Helseforbund og seier at J.Vørd veit for lite om tobakk siden han meiner dei eldre vil dø betydeleg tidligare om dei røykar meir. -All forsking og kunnskap viser til at dei vil leve litt kortare, men samtidig vil dei kreve meir helsetilsyn om dei sjølv påverkar allmenntilstanda deira i den retninga Vørd ynkjer. Johan-Levi meiner då at det må lagast spesialtilpassa tobakk til dei eldre, som inneheld meir skadelege stoffar, til dømes karbonomonoksid, tjære og blåsyre.

Dr Margaret Chan, leder for WHO, velgjer å ikkje uttale seg om denne saken. -Feige jævel, seier Vørd.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kjør debatt: