Det er oppgongstider for norsk tannforskning, men det ser ut til å stå dårleg til med norske tenner. I følge undersøkelsar er det berre éin prosent av dei tilfeldig oppringte som meinte dei tok tannhelsa på alvar. Men med den nye forskninga i bakhand kan tannlegene no bevise for pasientane at om du ikkje bryr deg om tennene dine så bryr du deg heller ikkje om helsa di, du kan risikere å få kreft og dø heile 6 år før gode tanntrådbrukarar, og du kan derfor reknast som indirekte suicidal og må få tennene dine tvangstråda.
Samfunnsøkonom Halvard Jukævel forstår ikkje kvifor tannlegane masar om at folk skal bli betre med tannstellen, dei grev jo si eiga grav ved å gje seg sjølv færre pasientar, meinar han. SSB set også spørsmål ved viktigheita av denne forskninga, dei vil gjerne ha tal på kor lang tid per dag tanntrådentusiastane brukar på å renske tennene sine. Dei meiner at ved ein gjennomsnittlig levealder så vil ein uansett ha sløst bort 6 år på å bruke tanntråd. Likevel velgjer Norsk Tannlegeforening å bruke dette som sin fanesak i sin årlege skremselspropaganda for barn.
Neste gong: Frisk pust i Anti-røykekampanjen.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Kjør debatt: